<<tilbake Øvstabøstølen
 


Øvstabøstølen i dag. Ennå ligger restene av steingardene der. Støls-husa er blitt til hytter.
 

 

 

Alle kvevane, der det blei slått gras, hadde sine navn. Erling Toralf Gunnarson Østebø (1900-1983) fortalde navna til Kjell Dahle i 1974:

Gunnar L. Østebø (1937-1978) forteller:

"Om våren hadde dei først kyrne inne på Tangen, Gaudøynå. Tidlegare mjølka dei der, og bar mjølka heim. Endå tidlegare var dei på Brekkå med kyrne på føresommaren. Då var dei oppe og mjølka morgon og kveld, og bar mjølka heim. Der hadde dei og geiter med, men det var før mi tid. Ho mor var med der, oppå Brekkå.

Når me var ferdige med slåtten heime, og då var det i slutten av juli, var det å taka inn til stølen først i august. Alle som kunne var med til støls, og forutan kyrne hadde dei med seg både høns og gris.

Slåtten på stølen tok til då, og det vart slege på legå, og sør om ånå, på Legå og inni Botn. Slåtten varde ei tri vekes tid kringom i slåttene der inne. Stølstida varde til me sanka smalen heim så midt i september.

Oppi Hestakvæven der me hadde slått, slo me og stekte høyet i fem stakkar. I ein høystakk kunne det vera ti sekker høy. Når det vart passeleg snøføre, gjerne seint på hausten, før jul, tok me det heim på sleden. Det var ti høysekker på eitt sledelass. Når det leid utpå vinteren, var det ringare å kome fram med hest og slede på grunn av at snøen hadde blese seg til i skeive fenner på veien.

Men det var sakte nokre få løer på stølen; dei hadde sin plass, bygt innåt stølshusa. Huset vårt stod for seg sjølv, og med to rom- eldhusrommet der det var eldstad midt på tufta, og røyken steig opp og kom ut i ljoren. I den eine enden av romet var liggjeplassen med ein stokk framføre. Her kunne det vera plass til fleire med natta.

Høynetta eller høysekkene, batt folk heime, og det var alltid einkvan som tok seg av det arbeidet. Han Ommund Mjåland (1859- ) var så god å binde høysekker. Han budde heime hjå oss før mi tid, og seinare budde han og Ane, som var herifå, på Ålgård.

Det siste me slo på stølen var under krigen, i 1940-åra. Eg trur det var dei hjå han Magnus som var dei siste som slo på Stølen, jaja, hjå han Ingebret var det vel like lenge. Dei var betre "folka" dei enn me her inne. Paul og eg var så aleine. Kanskje var 1944 det siste året med stølslått.

Me var i "stødelen" med molkekyrne og nokre få geiter til 1926-27. Så vart det slutt meddi at ysteriet kom i Byrkjedal, og då vart det og vanleg mjølkelevering frå Østabø."

Kilde: Gjesdal. Gards-og ættesoge. Frafjordalen og Østabødalen. v/Guttorm Mikkelson.