Bjørnehistorier

<<tilbake

 

 

 

 

 


Denne bjørnen ble slått i hjel i Lysefjorden. Den er nå utstilt på Stavanger Museum.
Her er den montert inn i et bilde fra Hunnedalen.

Bjørn i Byrkjedal
"Våren 1907 var det ein slagbjørn på ferde i Byrkjedal. Jakob Brualand hadde 8-10 sauer som alle blei drepne av bjørnen. Det var ikkje mange som hadde gevær, men Gunnar Ingebretson få Østabø hadde eit. Han låg vakt på ein stor stein på Knudamyra. To guttungar var også med han. I kveldinga kom bjørnen og sette seg oppi bakken. Gunnar tok sikte, men skaut ikkje. Avstanden var for stor. Han kunne komma til å skada bjørnen, og det kunne bli farleg for dei to borna han hadde med seg. Seinare fann dei spor etter bjørnen i Hunnedalen, og til slutt blei han skoten i Sirdal."
Fra Gards- og Ættesoge for Gjesdal ved Jørg Eirik Waula.

Stavanger Aftenblad skrev om saken 19.05.1907:

"En livlig bjørnejagt har det været i Dirdal i pinsen efter den i "Aftenbladet" i lørdags omtalte bjørn. Der var mobilisert 16-18 mand, bevæpnet med 7-8 ordentlige gevær foruden endel mindre moderne. Bjørnen lod seg imidlertid ikke ikke se hverken første eller anden pinsedag. Men man saa spor efter den baade hist og her. Igaar nat hørte man riktignok noget tungt, som ramled nedover uren ved Mjaaland, og som man trodde var bamsen, men den viste sig ikke.
Bjørnen har nu dræbt ialt 18 faar og lam i Byrkjedalen og 2 i Mjaaland. Dens tilstedeværede i Dirdal er selvsagt til stor ulempe for befolkningen derinde, ikke minst paa denne tid af aaret, da fæet slippes ud."

Bjørn i Hunnedalen
Sigurd Eikeland forteller i boka Driftesmalen:
"Ola Stokka og Svend Skreå kom i kast med bjørn i Hunnedalen. Ein kveld kom dei over ein bjørn som hadde slakta ei geit. Sven var sterkt truande, og meinte som så at bjørnen kunne ikkje ta på ein kristen mann. Han treiv ei øks og gjekk rett på bjørnen. Men denne må ikkje ha kjent Svend grundig nok, for han gjorde seg ferdig til å gå på. Sven ropa då: "Ola, du må kome med hunden."
Hunden ville ikkje gje seg i kast med det svære dyret, den stakk halen mellom beina og rymte. Bjørnen stod der og brøla, det var Ola og Svend som måtte komme seg vekk."

Et par kilometer innefor Østabø, i Midstøllia så Halvard Ritland ein gong 7 bjørner i en flokk. Det skal ha vore et bjørnehi under en stor stein her.
Rundt 1910 skjøt Maurits Espedal en bjørn ved Reinshøl sør for Østabø. Her var det også bjørnehi. Ole Ommundsen Østabø legegjette her, og hadde med seg en stor svart stut som holdt bjørnen unna.

Bjødna-Tore
Historien om "Bjødna-Tore" er vel kjent for mange i distriktet. Tore Toreson Håland (1810-1891) bodde på garden Håland i Frafjord. En høstdag i 1850  møtte han bjørnen da han skulle gå og se etter ei geit som manglet. Bjørn angrep og beit ham over ansiktet. Han berget livet, men ble stygt skamfert og mistet synet. Men han levde livet sitt på garden og gjorde nytte for seg så godt han kunne.
Her er historien slik Anna Oanes, datter til sønnen hans,  fortalte den til Sevald Simonsen i 1954. Fonetisk stavemåte.

"De va ein kvell att ikkje jeidene kom heim, å så sko di gå åsså sjå itte di. Han hadde to bådden me, og dei jekk opp stølsveien. Han farfar jekk opp igjønå liå, og då han va kommen eit stykkje opp igjønå liå, så såg han jeidene va komne bårt i ei fjellklatte så ikkje någen kunne komma bårt te, så dei måtte enten sjyda di elle di måtte stå der. Så jekk han bårt i tonå åsså sette seg, å så sad han å kallde på jeidene, trudde di sko hoppt hitt te `an.

Då reiste det seg ein bjødn som låg i ein vier-runne nedfor fødene hans. Han farfar fortalde: "Eg stokk så eg slo ud me både henne og føde. Men så tog bjødn å beid meg i den eine foden og drog meg ner, og så beid han meg øve auene. Eg tenkte: Konne du ikkje helle bede meg ein aen plass!"

Og så når bjødn hadde fått gjort de, så tog `an han i armen å velt`an or veien, for han måtte gå bårt ijønå der for te koma te liå. "Så kom det någen kvista inni hennene mine, å så hilt eg meg i dei te dess at eg trudde bjødn va vekk-komen," fortald`an.

Så fekk han grava seg opp der så va flatt, å så sad han der heila nåttå. Folk jekk å leitte itt`an. Han haure dei, men dei konne ikkje høyra han.

Men så på måråen, då de blei jost, då såg dei jeidene bårti tødene. Då ville dei gå opp onna, for dei trudde att han bestefar hadde ramla ned der, men då kom dei så nærre at då haure dei målet hans. Så tog dei han og bar han heim. Så va det beint i båden me `an å te byen å te sygehuset me `an."

På sykehuset ble han lappet sammen etter beste evne, men mistet begge øynene var blind resten av livet. Etter dette ble han kalt for Bjødna-Tore.

 

  Bjørn ved Ernstlegå
Tore Persson Espedal låg og gjette på Ernstlegå. Men ei natt kom bjørnen inn gjennom steingjerdet og tok seg ein fin og feit vér. Då det lysna av dag, ville Tore gå til bygds for å få tak i folk som kunne jakta på bjørnen. Då han var komen ned til Korvabu, blei han ståande andlet til andlet med bjørnen, og bjørnen stengde vegen vidare ned. No var gode råd dyre. Tore hadde høyrt at ein aldri måtte visa bjørnen at ein var redd i slike høve, men sjå bjørnen i andletet og gå på. Og han gjekk på, bjørnen veik unna, og Tore kunne halde fram til bygda for å hente hjelp.
Seinare blei det sett en bjørn i Reiårstonå høgt over Øvre Espedal. Han velta steinar på leiting etter maur. Folk elta han innover Vinddalen, skaut på han og steina han. Døyeleg såra slepte han seg inn i ei ur. Og sidan var det ingen som såg han.

Fortalt av Torfinn Normann Hageland i "Den store hellerboka"

 


Fra Valevatn mot Løgjedalen
Den siste bjørnen i Sirdal
Det var bjørn i Sirdal helt fram til 1910. Men dette året ble de siste bjørnen skutt, og bjørnen var dermed utryddet fra heiene. Bjørnen var sett på som et stort skadedyr, og måtte utryddes for at sauen kunne få beite trygt i heiene.

Torfinn Normann Hageland forteller historien om den siste bjørnen i boka "Den store hellerboka for Agder og Rogaland":

"I slutten av mars 1910 køyrde to menn av garde med hest og slede for å køyra heim høy frå løer og stakkar inne i heia. Torjus i Skjerlibakkjen på Fidjeland køyrde den eine sleden. Då dei på tilbaketuren kom til Bjødnshi vatnet, såg dei at brørnespor hadde kryssa sledespora etter innturen. Bjørnen kunne ikkje vera langt unna.

Neste dag tok fire mann ut på ski saman med ein bjørnehund for å leita etter bjørnen. Det var Eilev Vatnedalen, Lars i Sirekrogjen, Torjus i Skjerlibakken og Ola på Brodet. Snart fann dei spor etter bjørnen. Bjørnen såg ut til å ha overnatta i Rabbedalen. Der skremde dei bjørnen opp, og så rømde bjørnen innover heiane mor Vassfedlet. Hunden såg ikkje ut til å vera særleg huga på å ta bjørnen. Det leid på dagen, og dei laut gje opp å følgja sporet lenger. Dei gjekk heim att og varsla folk.

Dagen etter gjekk dei ut att, denne gongen utan bjørnehunden, for hunden viste seg å vera redd, og dessutan var hunden trøytt etter den fyrste dagen.

Det viste seg at bjørnen hadde rømt vidare sørover til Løgjedalen. Der fekk dei han på skóthald, men for seint. Bjørnen rømde austover til området ved Tollkohedlaren og Vatnedalen og vidare ned på Ortevatn, og så svinga han nedover isen på Ortevatn opp til Raudelkroné, stølen til Skjerabakken på Fidjeland. Med andre ord var bjørnen i ferd med å røma i ring.

Dei fire mennene kom etter. Dei glåpte svært då dei oppdaga bjørnen sovande i Raudelkroné. Eiliv skaut på bjørnen, men haldet var for langt. Bjørnen skvatt opp og rømde vidare mot Sirekrogjen. Men dei kunne sjå at bjørnen var blitt såra. Det var blod i snøen.

Nokre av dei fire mennene tok av seg skiane og sprang vidare til fots. Eiliv og Lars kom framføre bjørnen. Dei sette seg og venta med Remington-børsene sine ferdig til å skyta. Eiliv hadde it par patroner i reserve i munnen. Lars held reserve-patronanae i venstre hånda. Bjørnen såg nok jegarane. Brått sprang bjørnen opp og ville gå til åtak på mennene. Han var bare 15-20 m unna, men så smalt det. Bjørnen reiste seg på to. Mennene skaut og skaut. No fossa blodet ut og laga slike striper i snøen at dei syntes heilt frå husa i Sirekrogjen lenge etter. Men bjørnen var enno ikkje daud. Han stakk hovudet mellom føtene og trilla nedover lia som ein ball. Kulene kvein rundt han. Det bar beint i Sireåné ved Kvidhedlarhylen. Der greidde han å symje over Sireåné. Men kreftene minka, og alle såra var vonde. Då han skulle komme seg over ein liten skavl, datt han på ryggen og kavde vilt med føtene i lufta. Blodet fossa or munnen på han. Og så var det slutt.

Han viste seg å vera ein han-bjørn. Dei fann tolv kuler i kroppen på han. Det hadde måtta tolv skot for å drepa han. Bjørnen blei seld, og dei fire mennene fekk både salsummen og skotpremien. Skotpremien var 85 kroner pr mann. Det var mange pengar den gongen.

Det var i alt seks bjørnar som blei skotne i Vest-Agder i 1910."