Sagn og eventyr

Erling Øvstebø i Hunnedalen 1960

 

 

 

Forsand-kongane Skarken og Franen

På garden Øvstabø i Hundalen ( Hunnedalen) budde det i gamall tid ein konge som dei kalla Skarken. Han var den største og sterkaste av alle kongar i heile landet paa den tid, og ingen torde setja seg upp mot han.

På same tid budde det i Frafjorddalen ein konge som heitte Franen. Etter han skal Frafjord ha fenge navn. Desse kongane vitja kvarandre rett som det var, dei var ikkje lenge um å ferdast yver fjellet, som skil Frafjorddalen og Hunnedalen. Dei var tidt saman i gjestebod og var ei lang tid gode vener og vel forlikt. Men so var det ein gong dei kom til å trettast um kven som var den mektigste av dei. Den eine vilde vera stor og den andre endå større. Dei heldt på skjellte kvarandre ut ein heil dag, og sistpå skildest dei som uvener.

Ikkje lenge etter fekk Skarken høyra, at Franen heldt på samla folk saman og vilde ta riket frå den andre. Då var ikkje Skarken sein i vendingi. Han skar upp herpil og sende bod til alle mann i riket sitt at no måtte dei koma, der var fåre på ferde. Folk kom mann av huse og samlast på Øvstabø. No kunne Frafjord-kongen koma, meinte Skarken, so skulde han få vita kor David kjøpte ølet. Skark og hans folk lægra seg i ei stor urd ved ein foss, der dei visste Franen med sine hermenner vilde koma forbi. Og dei trong ikkje venta lenge, fyrr dei kom. Men so snart dei var komne til urdi og tenkte på fred og ingen fåre, tok det til å vrimla i lufti med kvasse pilodder, so det vart eit stort mannefall. Frå fyrst av kunde ikkje Franen skyna kor pilene kom frå, då han ingen såg, men snart fant han ut at Øvstabø-Skarken her var ute med sine fantestrik. So snudde han beint med dei menner han hadde att. Frå den dag var der ingen som torde våga seg seg i kast med Skarpen. Dei falne Frafjordbuar vart jorda i ein stor haug og ovanpå haugen vart lagd ein stor firkanta stein.

Ikkje lenge etter døydde Øvstabø-kongen. Han vart gravlagd tett ved ein stor stein, som den dag idag heiter Skarkasteinen.

Dei gamle fortel at der i Frafjord inntil for 80 år sidan stod ein 3 alner høg bautastein, som dei kalla Frane. Denne steine heldt dei for heilag og ofra til han kvar jolehelg. No ligg han yver ei stikk-renna i vegen.

Soleis ber dei seg åt i Frafjord med dei gamle minne.

Fra Folkeminne av Aamund Salveson 1924.

 

Ei huldr gift i Frafjord.

Paa ein støl i Frafjord-dalen hadde dei lagt merke til at høysaatorne vart ille med-farne kvar laurdag etter dei hadde fare heim av slaatten. Ingen kunne skyna kva grunnen var, og ingen hadde hug til aa røkja etter heller. Jau, so var det ein gut som var so hjartug at han baud seg til aa liggja att i ei høyløda paa stølen og sjaa til ferdarne. Daa laurdagen kom, lagde han seg til i løda, men alle dei andre fór heim. Han hadde ikkje lege lengje fyrr han fekk sjaa gjennom ei riva i veggen at det gjekk ei stor brandutt ku med lange horn og massing-klotror. Ho gjekk med ei diger mjolkbytta millom horni, og etter kom mange andre kyr. Desse gav seg til aa stanga i høysaatorne, so det rauk og fauk ikring deim. Men etter bølingen kom det tvo kvende, ei ung gjenta og ei aldrande kona; han kunde skyna at det var mor og dotter.

Um eit bil sagde moderi til dotteri: "No lyt du gjæta feet med eg gjeng heim; men agta deg vel; for i løa ligg ei ung gut, og honom må du ikkje sjaa paa. Han gjerer deg ingen ting fyrste gongen; men ser du paa honom tri gonger, so kastar han skeidabeltet yver deg, og daa lyt du vera hans, anten du vil eller ei." So gjekk huldrekona.

Men dotteri vart forviti og kunde ikkje halda seg: ho laut plent faa sjaa denne guten. Daa gjekk det som mor hennar hadde sagt: daa ho kom attende, sat guten med dotteri paa fanget. Daa sa ho til dotteri:" Ja no lyt me skiljast; eg kann ikkje hava deg hjaa meg lenger. Og er du god med henne," sa ho til guten, "so skal du ikkje trega paa at du tok henne; men er du vond med henne, so vert det ikkje greitt fyr deg." Gjenta var ven å sjå til, so han hadde ikkje noko imot aa taka henne til kona. Dei laga til til brudlaups, og skulde verta vigde i Høle-kyrkja. Dei hadde tvo mil til Høle fra Frafjord. Daa dei skulde av stad, sa bruri: "Far no du i fyrvegen, so skal eg koma etter." Han fór til kyrkja med brudefylgjet, og daa dei kom til Høle, sat bruri der.

So vart dei vigde og livde baade lengje og lukkeleg ihop. Dei fekk mange born; men kvar gong ho skulde hava lite, kom det huldrefolk og var henne til hjelp. Dei kom med gilde gaavor, og desse tvo vart rike folk. Enno er det folk etter deim i Frafjord, og dei er velstands-folk den dag i dag.

Fra Folkeminne fraa Rogaland av Torkell Mauland, 1928.

 

Då reven lurte bjødn.

Det va ein gong bjødn og reven, di kom på det at di sko så kodden ihob. Ja, nå kodnet va modent og ferigt, så sa reven det: ka vil du nå helste ha, enten rodå eller toppen? Å jog, sa bjødn, han ville ha rodå han. Og reven han kjamsa og åd på kodne, og det va gode greie. Og bjødn han åd på halm så det raug og faug.
Då dei hadde ede ei stund så sa bjødn det: La meg få smaga på det du ede, du ede så godt lett, og så åd han og på kodne. Der he du lurt meg, sa bjødn. Han hadde ede på halmen og reven ede på kodnet. Ja, men eg veid ennå ei rå eg, sa reven. Nå ska me så neba i hob. Så sådde di.
Då nebå va vaksen og store så sa han: Ka vil du nå ha, anten rodå elle toppen? Hm, du ska`kje få lura meg denne gongen, eg ska ha toppen eg, sa bjødn. Ja, ja, så begynte bjødn å eda på nebelauvet så det bare sto itte. Og reven han knakte på nebå, den va søde og goe. Då dei hadde ede ei stund så bjødn: La meg smaga på det du ede, du ede så godt. Å, sa bjødn, der he du lurt meg igjen, han hadde ede på lauvet og reven på nebå. Ja, men eg veid ennå ei rå eg, sa reven. Nå ska me gå te ein bonde, så ska me stela smør.
Så tok di iveg. Reven han fant ein store ammar med smør. Så tok di den med oppi markjå, så sko di leggja seg te å kvila. Ja, ja, nå låg di å kvilte. Men reven han blei så sprikkande hoga på dette smøret, han kunne ikkje halda seg. Så gjekk han ner og begynte å slikka i det, på smøret. kom han igjen: kor he du vore? Nå he eg døypt bodden, sa reven. Ka heitte di? Begynt på, sa reven.
Så låg di ei lidå stund te, og reven han kunde ikkje halla seg, han måtte ha ennå merr smør. Så tog han ud igjen, og så åd han opp halle ammaren med smør.
Så kom han igjen: kor he du no vore? Nå he eg døypt bodden, sa reven. Ka heitte di nå? Midt i myddlå. Ja, ja, så låg di og sov. Då kunne ikkje reven halla seg lenger igjen. Han måtte gå og ta resten av smøret. Så kom han igjen, så sa bjødn: Kor he du no vore? Han hadde vore og døypt bodden. Ka heitte di no? Slikka bottnane, sa reven.
Så låg di og sov. Så seie bjødn, ja nå hadde han blitt hug på smøret, nå ville dei gå å ha smøret. Ja, sa reven, nå sko di gå. Så kom di å åbna ammaren, det fanst der ikkje smøret igjen. Så sa bjødn: Det e du som he ede opp smøret! Å nei, sa reven, det e du. Så sad di å kjegla.
Så sa reven: ja nå ska me gå opp i markjå å leggja osse med bageen mod solå, og den som e blankast i bageen han he ede opp smøret! Ja, sa bjødn, så tog di iveg. Så låg bjødn og sov regtigt godt, så lurte reven seg ned igjen, så fant han litt smør så låg rundt i kantane. Så tog han å smurde det i bageen på bjødn. Og då han vakna så va han blankast i bageen.
Så tenkte reven med seg, koss ska eg nå bli fri han? Jog, nå går me opp i ei to i fjedle å legge oss te å sova, der e varmt og godt. Så gjekk di opp igjønå, så lagde di. Ja, sa bjødn, han ville ikkje ligga frammafor han, han ville ligga oppme fjellkanten. Ja, der sko reven liggja, han sko liggja frammafor han.
Då bjødn sov på det mesta, så lurte reven seg opp og så lagde han seg opp te fjellkanten, så sa han te bjødn: Nei, du må togga deg, eg velte udføre. Orf, sa bjødn, så toggde han på seg. Så sov han ei stund til, bjødn, så sa reven: Nei, nå må du togga deg, for nå velt eg udføre. Så toggte bjørnen seg, og der ramla han udføre og slo seg ihel. Så va han fri han.



Fortalt av Erling Øvstebø, født på Øvstebø i 1900. Innlest på lydbånd og nedskrevet av Kjell Dahle.  Noen setninger er gått tapt, men gjendiktet.

Hør opptaket

Bjørnehistorier